trykk i Sanntid
Definisjonar
I prosjektet er det vesentleg å definera kva me legg i våre uttrykk.
Kva er sanntid?
Real time; faktisk tid - den rette tida; når alt som er planlagt blir forstyrra, når noko blir utsett eller framskynda. Det som skjer, det skjer. Når det skjer, då er det sann tid. IRL, in real life, in right time.
Kva er trykk?
Kva er avtrykk?
Kva er karbonavtrykk?
Å definera dette har gått som ein raud tråd i arbeidsprosessen; frå første møte, via materialbruken, gjennom leiting i nye ord og meiningar som dukkar opp ettersom tida går.
KARBON - utkrystalliserte seg som første tema, og dermed var materialet avgrensa, til stoffet i seg sjølv: karbon, som er grafitt, diamant eller fulleren - i rein form.
Slik fekk me eit konkret og fysisk utgangspunkt, som i første runde set reglar og premisser for kva me kan bruka på Den lysaste dagen i året. Denne gongen: 20.juni 2020.
Kva er det rette å gjera i vår tid, i vår sanne nåtid?
Når endåtil eit virus er det som skal stoppa oss først - korona - som gir oss rom og tid til ettertanke. Reint fysisk er me nøydde til å sitja på kvar vår stad og kommunisera via nett. Kvar går me? Vidare. I sanntid.