top of page

Om Trykk i Sann-tid

Trykk i Sann-tid oppstod i ei tid der

KK-trykk var under oppbygging. Ein ny grafisk fellesverkstad i Lofoten, som kunne vera ein open verkstad for fleire.

KK-trykk er ein del av

Kunstkvarteret Lofoten, med fire faste atelier og Artist in Residence - program.
 

Rita Marhaug jobba ved verkstaden på sommarstid, sidan ho har sommarhus i Lofoten.

Åse Anda kom som residensgjest i 2018. Begge var deltakarar på

Nye Ut-trykk, utstillinga som var arrangert til den offisielle opninga av verkstaden februar 2019.

Kjellaug Hatlen Lunde har atelier på Kunstkvarteret Lofoten, og har bygd opp KK-trykk. 

 

90424870_218290646217220_185861785504763

Trykk i Sann-tid 

Prosjekt for nye trykk

Trykk i vår tid er meir enn handverksgrafikk.

Å definera kva trykk er, vil me gjerne vera med på gjennom samtidskunsten, som er i stadig endring. Digitale medier har influert kunst-uttrykk lenge. Dette medførte eit under-trøkk som gjorde at mange igjen tok fram naturmaterialar. 

Handverket, med respekt for kvalitetsmaterialar; godt papir med rett sugeevne, trykksverte som fangar opp og gir i rett mengde tilbake det du søkjer etter - alt dette  er handverks-nerding som pregar grafikaren.

 

Men ønsket om å omdefinera vil alltid liggja i samtida, tøya grenser, uttrykkja på nye måtar. Dette igjen fører til forsøk på å finna framstillingsmåtar som utvidar utrykksformer ; gjennom performance, installasjon, bokkunst, handverksbøker, eller nye måtar me endå ikkje kjenner.

 

Me vil også bruka Instagram til formidling og deling. I sanntid.

bottom of page