top of page
trykk i Sanntid
Karbonavtrykk
Det er nå. I vår tid.
Det er nå eg set mitt avtrykk.
I går, i morgon, og nå.
Kva som skal stå igjen,
er avgjerande for morgondagen.
Kva eg trør på, er avgjerande i dag.
Kva eg gjorde i går,
kan ikkje alltid få styra dagen i dag.
​
Alt eg tar på og rører ved,
det eg trykkjer: og gir ut.
Det eg velgjer å bruka som reiskapar
er ein del av skrifta.
Det eg set mitt avtrykk på;
​
som skrift i sand, bilde på netthinna, eller meisla i stein :
uvesentleg
er det ikkje.
Ikkje for meg.
Ikkje for deg,
eller oss.
bottom of page